I Torgeir Dåsvatn
hadde bruket der-nede på Y. Dåsvatn.
Truleg g. med Åsa (2 gonger gift)
Hadde borni
II, 1 Olav g. m. Kari Gunnulvsd. Hornnes
2. Jens
3. Salve
Olav fekk garden. G. m. Kari. Bytte garda
med Åsulv Aslaksson ell. Aslak Åsulvsson
På Uleberg, og fekk bruket Der-ute
Kari skulde hava ein mann frå
Vetrhus. Ho og far hennar skulde upp og
skjåla honom. Men då dei var komne
til Ytre D. tenkte ho med seg sjølv:
Hadde det heller vore her eg skulde til.
So var det kje meir enn til næste
preikesundag, so kom Olav til Hornnes,
og då vort det visst med dei tvo.
Og ho slo upp med Vetrhus-mannen.
Men ho var eit øydeland. Når ho vilde
ha ferskt, so fann ho på at ein son var
sjuk, og so fekk ho mannen til å slakta.