Full text: Juleskikkar o.l.

4. Jolaftan: 
Er der eit ungt 
kvinde i huset, so er det ho som 
skal koka grauten. Vil ho so nytta 
høvet kann ho den kvelden faa sjaa 
kven ho kjem til aa faa til mann. 
Straks ho hev koka grauten, maa 
ho taka tvora og springa med den 
tre gonger kring eldhuset. Naar ho 
spring tridje gongen møter ho mannen 
sin. Men kjem ho ingen mann til 
aa faa so møter ho ein svart 
hund. 
5. 
Er der fleire kvende i huset, 
so maa dei andre ty til ei onnor 
raad. Kvar torsdagskveld i dei sju 
siste vikorne fyre joli lek dei og 
spinn litt. Jolaftan hespar dei dette 
upp, og um kvelden slipper dei nysta 
ned gjenom luka i lemmen. Han 
som kjem og nappar i traaden, han 
vert dei gifte med; men for dei 
ingen mann so kjem ein svart 
hund og knurrar.