Full text: Juleskikkar o.l.

Lerøy. 
Drikka elberminne. 
Det var berre tvo som leika, hine saag paa. Den eine 
la seg paa kne atmed sin benk. Paa benken framfor 
han laag ei skei med avbrote skaft paa ein halmdott 
Den andre sat paa benken og "gav i skeii," etter kvart 
som den fyrste drakk or. 
Fyrr han tok til aa 
drikka, spurde han som sat. "Kva minne drikk du?" 
"Elberminne". "Kven drikk du for?" 
"Kongen. 
Den som vil han vel, Gud gjere det maatte ganga han 
vel, den som vil honom ille, Gud gjere det maatte 
ganga han ille. God taar paa den samme skaal!" 
Dermed drakk han av skeii utan aa røa henne med henderne, 
tok so skeii millom tennerne og kasta henne yver hovudet 
sitt, so ho datt ned paa golvet attum han. Laag daa 
skeii opi, skulde kongen liva heile det nye aaret; 
men laag ho kvelvd, so kom han til aa døy. Skeii vart 
lagd upp att og so snakk han for dronningi. Han ynskte 
vel yver venerne hennar, og ille yver uvenerne hennar,