Joleskikkar heime.
1. Naar kararne hev skjeke upp, gjeng dei kringum til kvarandre med
"Skakedrykken», og let dem faa smaka paa honom.
2. Kvelden fyre litle-jolaftan køyrer jolereidi ut or haugen og kring
um paa gardarne og tek alle ulydege born med seg. Segni veit
aa fortelja at ei jol hadde ho so mange born i vogni si at
ho køyrde fast heime paa tunet, og dei maatte smyrja paa tolv
braudleivar aat henne fyr dei fikk henne til aa gaa.
3. Sume stader smyr kararne utpaa ettermiddagen tjørekrossar paa all
uthusdører og paa hjuri paa mjølkekyrne. Dei vil ikkje hysa jolenis
sarne, som kjem seinare paa kvelden.
4. Gutarne hev so brakebar paa kjøken- og stabburgolvet.
5. Kvart barn heve si joleoskja med smør i, fint utkrota med krote
merke.
6. Men det er ikkje alle som søv, for i natt kann du faa vita
kven du skal faa. Daa gjeng du tri gonger rundt huset med
ryggen fyre og ei ølskaal i handi. Ved tridje umgang skal
den du fær staa ved tridje hyrna. Ser du ingen, er det ikkje
stor von for deg.
7. Fjordedags|kvelden er det barnekvelden. Daa samlast alle gardsbor
ni og l hjaa ein mann og leikar jolespel til langt ut paa
natti. Ein byrjar med aa dansa um joletreet og syng jolesalmar
ne fyrst, sidan syng dei ringlekar medan dei gjeng um treet. So
ber dei
treet ut, og gjer ymse slags leikar. "Taka i skogen"
"Nigingaspelet" "Byta namn" "Syna maanen i ei buksa" "Selja lereft"
"Mutla sko" "Liggja i brudesing" "Gjeta gaator" "Ute inne paa ein
pinne" Fru, fru frelleve,
pelle
klokken siger elleve, keiseren staar paa sit høyeste
slott saa lang saa dyp saa bred saa høy, Kari kari krigsmann i døden skal
du ride, den som komme aller sist han skal staa i knibe."