Full text: Juleskikkar o.l.

Eldbjørgdagen (7 jan.) 
Denne dagen (um kvelden) skulde dei alltid drikka 
eldbjørgminne. Dei segjer ølberminne eller elberminne) 
All som var i huset skulde drikka ein gong for kvar 
einskild av dei andre som høyrde huslyden til. Den som 
skulde drikka la seg paa knei attmed forsætet med 
henderne paa ryggen. Det var or ei skei han skulde 
drikka. Fyrst sa han kvenn han vilde drikka for. 
Den som skjenkte i skeidi spurde so: "Kvenn unner du best?" 
Den som skulde drikka svara daa: "Far og mor, syster og 
bror, og alle Guds gode vener i huset." Dermed beit 
han i skeidebladet og tømde det. Med same skulde 
han kaste skeidi attyver hovudet (med munnen). Det var 
daa markande korleis skeidi la seg. Den som der vart 
drukke for var det det galdt. Dersom skeidi kom 
nedott med den hole sida upp, so skulde han liva 
aaret ut; men han skulde døy det aaret, dersom skeidi 
kom umvendt. 
Denne skikken hev vore bruka her til 
nylig. Ja, paa ein gard som heiter Moen hev dei 
bruka det nokolunde paa same maaten til no. 
Fraa Stamnes i Bruvik Jakob Eldal