Joleskikkar i heimbygdi
I
Daa grauten var koka, baud mor
tenestegjenta vora. Ho skulde springa fem
gonger rundt eit uthus med ei dør. Daa
skulde ho faa sjaa kjærasten sin- erso
ho fekk nokne.
II
Joledag skal kvar fant vera i si sokn
Den som gjeng til grannen daa, ber
(ell. stutehovud)
hundehovud [Skikken hev vore so til aller siste,
og alle hev ikkje brote honom endaa]
III
Jolaften kunde dei faa sjaa kven
dei skulde verta gifte med. Bar de fire
brødleivar paa hovudet utan aa holda
i deim og gjekk rundt stovebygnaden
fire gonger, fekk ein sjaa den maken
skulde verta. gifte med
IV
Annandagskvelden samlast
ungdomarne. Fyrst lyt dei sjølvsagt skaala
for joli med ein annan; men so tek dei
ut og skal krevja joleskatten av gjentorne.
Kvar vaksi gjenta gjeng dei til.