Jole heime.
Soleis hev karfolket i
huset aa faa fisk, og budeigja
mjølk. Um ikkje mannen i huset
kann faa seg fisk til jol, vert
han kasta upp paa nausttaket
jolaftan, og der lyt han sitja
til dei kjem og tek honom ned att.
Slik gjeng det og med budeigja,
um ho ikkje kann faa mjølk til
jol. Ho vert kasta paa fjostaket.
Det er jamnast unglyden i bygdi
som vaktar paa dette. Men so
framt mannen i huset hev fenge
sig fisk og det skulde daa helst
vera kveita kjem han dragande
inn med henne paa sjølve jol-