Full text: Balestrand 1958 Balestrand

Sogn og Fjordane, Balestrand, g.nr.28,1 Stn. v/Sjur Bøyum 1958. 
Smala-fonni. Det er ei fonn oppe i ei skor. Ho kjem ofte ikkje før 
det er tøya nede i dalen. Når ho kjem, skal sauene fera framfødde 
Det fortelst at eingong kom ho og drap mest alle smalbeisti på Mal. 
Der var god slåttemark i bakken nedunder, og der samla sauene seg ofte 
Fonni kan slå seg utover og vera kring 100 m. brei når ho kjem ned i 
bakken. - Ein kan samanlikna dette namnet med Kyra-jukelen på Midttun 
Han skal ikkje stå heil nokor sumarmålnatt, og når han er vekktærd 
skal kyrne vera framfødde. Han har ofte kome natti til sumarmål-dagen 
I år hang han sumarmåls-natti, men kom eit par døger seinare. Ofte 
kunde det henda at han kom ei vike tidlegare. "So mange dagar som han 
kom fyre sumarmål-dagen, skulde han frysa til att etter", sa dei.