Sogn og Fjordane, Balestrand, g.nr. 33,1
Brekka er ein bakke før ein kjem til stølen. Vegen går i krok.
Eingong då dei jaga bjørnen i eit stort gjel, Godtopp-gjelet
attmed Brekka, kom bjørnen over ei fonn og seig nedi. Han Lars
Midtun som var nær, vart so "antorert" at han tok til à slå
gjeværet mot ei bjørk og storgaula, og bjørnen kom seg i frå
dei. Dei andre skyttarane vart hissige på han for dette.
Det var godt à koma opp på denne stølen avdi der er eit
framifrå utsyn over bygdi. Ho mor sa at Godtopp-smøret var det
beste smøret i bygdi. Der er so mykje smil (- smele n.) øvst i
beitet, og smilen er smørgras, sa ho
Bøyum 1958
S.