Full text: Record collection 1923 Hattfjelldal

mellom desse tvo myrarne. Saa var det 
ein morgon just daa Resen hadde faat op 
det fyrste auga, daa fæk han sjaa Ormen 
drog seg opigjennom til øvre myra. Dit hadde 
Resen net etla seg den dagen for aa freista 
aa finna seg ei veidna, for han kjende seg 
fælt svolten. Resen vart saa sinna, at han 
svor praa at no sku Ormen drepast. Men den 
ne gongen vilde han rida, det trudde han 
var jævare, før hadde han altid gaat. 
Han rusta seg daa med ei diger kluba, steig 
paa Hesten aa saa for han iveg. Ormen læt 
heller ikkje venta paa seg, og nu vart det 
eit 
fælt 
basketak. Ormen spruta eiter, saa det 
stod som koveling ned jønnom dalen, men 
klubbeslaga fall og tette og tunge, sidstpaa 
saag det ut som Ormen seig nedaat. 
I berget er der ei deild, som gjeng paa 
skraa opigjennom, der er det ein væg, og 
did opigjennom reid Resen for desbetre aa 
sjaa ned paa myra, og gotta seg over at 
Ormen var drepen. Men i det same gjorde 
denne eit byks, truleg var det livstaket han 
daa tok, men daa skæinde han hesten saa 
at han kasta Resen av, og i fallet støite han 
eine knæet imot berget saa det sok juft ned. 
Han slog seg nok ogsaa fælt ellest, saa det 
vart hans enne, for har spordest ikkje meir 
etter denne færdi. 
I denne vegen er der to føt i berget etter 
hesten, og det har vist ikkje vare naakon føl 
onge heller, for dei er umlag ei alen (63 cm) 
breid. Baate hala etter reseknæet og føte etter 
hesten hans er noksaa tydelege, og difyr kallast 
og denne vegen "resføte" som ogsaa myra kallast