Hordaland, Kinsarvik, g.nr. 129,4 Stn.
v/skb. 1932
Koparnaglen. Um Koparnaglen fortel segni at der ligg gøymd ein kopar
kjel. Det var i gamle dagar dà det ferdast tjuvar i fjellet, etter
folk var heim-flytte frå stølen. Dei stal alt verdfullt som dei kunde
føra med seg, det var då serleg kopar dei leita etter. Av den grunn
bar folk ut av husi slike ting og gøymde dei burt i urdar eller groy
det ned i jordi til dei naste sumar tok dei i bruk att. Mannen son
gøymde kjelen sin i nemnde haug, døydde um vinteren og staden der han
gøymde kjelen hev dei ikkje funne sidan