Aører 1
32.
Mot frostsår bruka dei grisgall. Eineberolje strauk dei på
rundt sår, for at det skulle bli godt att.
Sjukdom på feet.
.
Hadde kyrne vore så uhepne å få ormbit i juret skulle dei gni det
med fløyel. Da vart det godt att.Den som hadde teke Ivørm kunne og gjera dy
med ormbit gode att, når han tok på dei.
Dei ga kyrne terpentin for at dei skulle ta seg kalv.
Gjekk ikkje kyrne heimatt om sommaren,men la seg bort,hadde dei den
ne råda: Dei skar seg i venstre litjfingret og ga dei blodet.Elles har eg høyr
at dei laga ein saltpose onsdagskvelden og la han under venstre handa om natta
Torsdagsmorgonen ga dei kyrne saltet.Og da skulle dei gå heimatt.
Julekvelden la dei salt frami gruva.Saltet skulle gjeast kyrne på
fastande hjarte om julemorgonen.
Mot trollraua brende dei gamle skosolar og let dyret trekke i seg
dampen.
Hadde kyrne hard busutt tok dei ein liten bill (kniv) og slo på eit
lite hol oppfor kvar klov i hårgarden og i romptangen likeeins og ein kors- på
korsryggen. I hola rende dei terpentin. (Busutt: Mangel på fosforsur kalk,veik
skap i føtene).
Mot kvælsutt bruka dei tjurrudamp.Men ein laut vera varsam så ein
ikkje dreiv kvælsutta attom megavlen (mellomgolvet).