Full text: Folkeminne frå Gauldal 1939-06-20/1940-07-09 Gauldal

34 
JULA. 
Skikkar og truer. 
Det skulle vera julklomp. Dei kasta unda ein stor klomp når 
dei hogg julveden. Og denne klompen skulle vara heile natta (julnatta). Når dei 
hadde hogge frå seg julveden,tok dei øksa og gjekk borti fjøset og hogg ho 
oppi døraskallin. Det skulle hoggast inn ei bile (øks) oppfor fjøsdøra. 
Dei la sålt borti skorsteinen om julkvelden og om morgonen 
såg dei etter om det skulle sjåast ein banfot i saltet.Og så ga dei kyrne 
saltet for at dei skull bli gromme til å gå heimatt om sommaren.Det ha kome 
for meg at dette hadde noko med Jesu fødsel å gjera. 
Dei jamna ut oska på skorsteinen før dei la seg julkvelden. 
Fann dei noko som likna ein folkfot i oska om morgonen,skulle det døy av fol 
ket først i året som kom.Men var det fefot dei såg,vart det eit av dyra som 
kom til å gå med.