35.
TRUER OM DYR.
Omse truer.
Når hanen gol på utid, varsla han vondt.
Det er ein fugl dei kallar "likhanin".Han varslar lik når han
syner seg. Det er ei kattugle dei har gje dette namnet.
Tussfletta hestar blir aldri magre. Tussfletta hestar vil
frametter. (Vil frametter: Dei trivs).
Dei skulle skjera av "klåvåveia" åt dyr som skulle slaktast.
(Klåvåveia: Vidja i klaven).
Ville ein få fisk,skulle ein først sputte på marken og så
blistre på,før ein slengde uti.
Var det kome noko vondt over ein, skulle ein ta hjarte og
lungene av ein fisk og brenne det midt på golvet. Da skulle ein bli lykkeleg
Ein skulle ta med seg trastegg hell ungar heim, ville ein bli
langliva.
Der det va skvetta på tå Dyvelsdrekk,var det trygt for orm.
Tobakkssputt gjorde og same gagnet.
Dragfe.
Det va't nå vælstand i Ut)stu'n i Vagnilla i Sokndæla,fynn
det kom ei dravfær dit. Det va med'n Ellev levd det henda.Ho kom dråvån nedgjø
høm gjelan åt øm en da'n. Og ette den tia va det vælstandet kom å.Døm ha sagt