Stn. v/S.D.Midttun 1957/58
Sogn og Fjordane, Borgund, g.nr.20,1
Innk. 1959
Kjeleholet, ei svær „jettegryte", mange meter i tverrmål som Nedre
Fossen sturtar ned i. Dei gamle fortalde at det skulle vera ein mann
frå den andre sida åt elvi som skulle på stølen med ein ystinskjel.
Han sette ifrå seg kjelen som så "kabba på elvi", og det skal namnet
koma av. "Men eg trur ikkje so mykje på det. Namnet kjem no av at holet
liknar på ein kjel", sa heimelsmannen, husmannen på Arheim, ikr. 70 år