Hordaland, Ullensvang, g.nr. 79,1 Stn. v/skb. 1938
Stn
Olderhaug. I Olderhaugen skal ein småkonge Older Artun liggja grav
lagd. Han hadde vore i strid med ein annan småkonge, som han hadde
drepe. Sonen til den drepne kom til Børve (Bjørgvin i dei dagar) for
å gjera forlik. Older og guten skulde hava holmgang. Dei skulde vera
fleire mann på kvart byte. Dei stod uppstelte, men fyrr dei byrja kam
pen fekk guten sjå seg høve til stikka Older ned, han vart altso snikmyr
Han vart gravlagd i Olderhaug. Der er funne fleire ting fram i gjenom
tidene, knivar, spjotoddar og fleire kulor med hol i, til à hava pé
spinneteinar. Ein mann som grov eller dyrka upp haugen, fann ogso gravi
steinhellor i firkant, og ei til tak og ei til botn, nedi stod der
fleire oske urnor. Alt vart lagt so det var og tilkasta, og hauger
er also endå urørd. Plassen for holmgangen kann endå pävisast
Attmed Olderhaugen stod ogso ei stor bjørk, som dei gamle bar
mat og drykk til på jolekvelden. Til slutt fann dei ut at det var sume
av gardsfolki so gjorde seg til godar med det framsette. Og skikken
vart dermed slutt
Attmed haugen var der ein liten flate "Myri" dei kalla. I
brydlaup stana dei jamt der da dei kom frå kyrkja, vinter som sumar
i allslags ver, tok seg ei skal øl og litt mat og dansa gjerne nokre
dansar, der. I gravøl sette dei kisto ned def, og song ein salme, det
var garden som tok farvel med den daude. Olderhaugen ligg 3-5 min
gang frå garden, so det var ikkje for å kvila folk stana der, men
mâtte nærmaste vera som ein litt heilag stad, som gjenom traisjonar
hadde vister på folkelynne.