Full text: Truer og formularar

Fe-sjukdom. 
Naar krøteret var sjukt, so skar dei ein kross i ytste 
halesterten, so det blødde. So tok dei ein graulbite eller ein 
deigklump og let blodet renna paa, og sidan tok dei han og 
heldt han under rennande vatn, og til slutt grov dei han 
ned under ein jordfast stein. 
For 8-10 aar sidan hadde dei ei sjuk kyr paa Nornes. Dei 
henta en gamall kall, Anders Haug,  
"Haugsen" 
som skulde gjera aat. 
Eirik var med og skulde vise han rennande vatn. "Ja no 
skal eg gjere resten" sa han og viste guten burt, so han 
høyrde inkje um gamlingen las noko. 
(Fortalt av Eirik Nornes sjølv 25/1 1913). 
Nornes i Sogn