Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

fraa ei sida til hi i baaten 3 gonger. Daa fyrst for han til as 
fiska. Det fortelst um ein annan, at han tok ei ausa med sjo over 
ei rip og hivde over hi ripi, og so tok han ei ny ausa paa hi sida 
av baate og hivde den motsette vegen, og so ei ausa til. Dette gjor 
de han for han byrja fiska paa eit nydt med. 
baar dei ikkje fekk fisk, so trudde mange at dorgi var fortrolle 
eller skjemd eikorleis. Dei hadde ymse maatar aa gjera god att ei 
skjemd dorg. Dei drog henne gjenom ackerreina for a. fri henne for 
ovund (Vetlefj.) eller dei røykte henne. Ein eld vart kveikt, so 
krossa dei over elden og heldt dorgi over .(Fjærl.) Stundom hende det 
at dei gjorde si torv paa dorgi, piska so skiten inni, ogso vaska 
henne (Fjærl.) Sure piska henne med ei sprakabuska. Dorgi vilde ikkje 
fiska, ho laut ha pisk, fortel ein, Ein mann i Klorviki var eingong 
ute og fiska og fekk ingenting. Han trudde dorgi var fortrolla .So 
gjorde han si torv paa henne og piska det godt inni. Daa kom det 
seg med fisket. 
Gamle-Kvien hadde ikkje faatt fisk ein de. Dagen etter kveikte 
han ei sprakabuska paa peisen, og so heldt han dorgi i ein neve og pisk 
henne so med den brennande buska. 
Ein annan fortel um same mannen at han piska dorgi si med 
sprakabuska eller klunger-buska kvar laurdagskveld. 
Han hadde den merkelege trui at han skulde halda anden til 
dess fisken var komen inni baaten. Naar hen fiska paa djupt vatr 
so var det baade ilt og løgje aa sjaa paa han. Man sat der og naudtol 
seg med aa halda pusten til han var radt sprengd i augo, medan nevane 
kava og drog inn sneret. 
(Umlag alt fraa Fjærland.