Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Jakt og skjoting 
Det var mangt aa passa paa naar dei skulde paa jakt. Sume meinte 
at ein skulde aldri dra paa jakt so folk saag det. ein maatte reisa 
um natti. (Vetlefj.) Ein maatte vaska seg i augo fyreaat. Var ein se 
uheppen at ein møtte eit kvinnfolk nett med same ein la i veg, se 
var det eit laakt merke. Men møtte ein ein kar so var det bra. (Fjærl. 
Framande maatte ikkje faa ta i ei børsa og skoda nedi henne. Ganle 
Kvien hadde den skikken naar han fekk tak i ei børsa at han putra 
og bles i henne. Daa vart ho ubrukande. 
Ein skulde aldri be deim som vilde paa skjoting, lukka paa 
ferdi. Ein skulde sputta etter deim. Det skulde vera nokso tenleg 
aa hengja ein harefot i lykelen paa børsa naar ein var paa jakt. 
Tame husdyr helst klodyr, t.d.katt,skulde ein ikkje skjota 
Bersa vart utskjemd daa. Skulde ho verta god att maatte ein lata eir 
opse (d.v.s.eld) gaa igjenom henne eller dei laut lokka ein kvitorm 
inni børsa og skjota han ut att. (Fjærl) Gamle-Anders vilde ikkje 
skjota kviterev, heller ikkje skjorer og kraakor, for dei var troll 
fuglar. (Vetlefj.) 
Naar dei skulde paa jakt, maatte ingen av jakt-laget "loysa 
broki" nett før dei tok ut. Eingong fann dei eit gaupe-far ute i Vet 
lefjorden. Han Kristoffer og nokre andre laga seg til og skulde stad 
og skjota gaupa.Men dei vilde ikkje ha gamle-Anders med. Det bar so 
til at han Kristoffer laut stad og gjera si torv.Daa sa han Anders: 
De kan berre gao, de faor ikkje naake lel". Og neimenn um dei fekl 
henne. 
Dersom einkvan vilde verta god skjotar, skulde han gaa til alten 
Han skulde ikkje svelgja altarvinen, men gaa med han i munnen ut 
sputta uppetter taarnveggen beint imot midten av taarnet og so skul