Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Dersom dei vilde ha bør naar dei var ute og siglde, skulde dei 
leggja ein tvoskilling inni mastri. Dei kunde og hjelpa til aa faa 
bør, naar dei hadde smorauga i grauten. Vilde dei ha vestanvind, skulde 
dei brenna ein sopel. "Det gjorde me ofte naar han far var til byr 
med jekti, og me vösste han var paa heimveg," fortel ei Vangsnes 
gjenta. 
Daa han smed- Ivar henta stovetimberet sitt i Fresuik,fekk 
dei ei "utaoskoyra"(- vestanvind) og maatte sigla inntil Lunden o 
liggja der um natti med jekti. Um morgonen blæs det og, men noko 
makare. Daa sa han Bjørn-Nils: "Me fær bruka den gamle raadi aa 
fubba mastri. Han so gjorde. Vinden snudde um eit bel, kva som gjorde 
det er ikkje godt aa segja. 
Naar dei tok paa ein smorask, so skar dei litegrand smoi 
av toppen og snudde det. Det gjorde dei alltid naar dei hadde gjester 
Det fanst dei som tykte seg paa det, dersom det ikkje vart gjort. 
Det skulde alltid vera full smørask til framande. Ofte naar det var 
lite um smoret,la dei ei liti steinhella paa botnen av smørasker 
med ei never uppaa,so hadde dei smøret uppaa, og det saag ut somadet 
var full ask. Naar dei reiste i gjestebod i jolehelgi, skulde dei 
eta kveldbisk før dei for, so dei ikkje skulde gjera skam paa seg 
med aa eta for mykje. Dei "for med ferd " eller plenta seg, brukte 
dei aa segja.(V. 
Truene var mangeleis. Dersom ein kunde lesa fadervaar att 
lenges tre gonger, skulde det hjelpa i allslags faare. (V) Derson 
dei vilde faa upp ei attlæst dør, so skulde dei lesa fadervaar bak 
lengs. Daa kunde ein opna henne med kva lykel ein vilde. Det var eir 
mann som var so skavande huga paa ol. Eingong sønene hadde bryggja 
so læste dei ølet sitt inne. Daa sa gamlingen: "Den som no hadd