Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Nargal un Leled 
Naar det hekk straa millom trod-fjolene nedi stov paa torvtak 
so kalla dei det feigda-straa, daa var einkvan i huset feig. (Fjærl.) 
Dersom hundane gjekk attlenges og nidgoydde etter allmennings 
vegen, var einkvan feig. (Vetlefj.) 
Naar eit naaljos trilla nedetter eit menneske nett som ei 
orter, daa var det feigt. 
Dersom hunden ligg etter berre ei golvfjol og mur hovudet 
mot døri, so skal dei snart spyrgja at einkvan er død. 
Naar tvo samstundes tek i derhandtaki i ei dør,so var det 
varsel um naasfall. 
Naar kattugla kjem nær innaat husi og skrik:"Klæ kvitt, 
kle kvitt, so er det feigdarmerke for einkvan i huset. 
Nevuarka u2 undre ue 
2 
Dei tok merke av mange dyr. Naar lomen skreik: Va vaatt 
vart det regnver, men naar han skreik : Turka drav! vart det berre 
godaveret. 
Naar det kryp fivrelde paa glasrutone, er det bod um at det 
kjem framande til gards. 
Naar fuglekongen flyg inn aat husnovene, vert det regnver. 
(Han lyt no inkorstaden vera han og, sa han Kringle-Joans.) 
Naar hund eller katt et gras, kjem det snart regn 
Naar grisene kom med gras og rusk i kjeften og "dragsa til bol 
kunde ein venta ruskever 
Naar kuvangange kjem langt upp paa fjoresteinane, kunde ein 
venta ruskever. 
Dersom nisa ligg og flyt i sjøen ,ventar ko vind.