Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

mark. Daa kom dei til aa liggja mykje vekke um sumaren.() 
Naar ei kyr tok til aa leggja seg vekke, so skulde budeis 
stela ei tobakks-skraa hjaa einkvan og gjeva henne. Daa slutta ho aa 
leggja seg vekke. 
Naar kyrne ikkje kom heimatt i rett tid,so skulde dei te 
noko rust av bjolla og blanda i saltet og gjeva bjøllekyri.(Fjærl. 
Den dagen dei buførte, skulde budeia bera noko busalt i eir 
pose under armen, so det kom sveitt nedi saltet. Naar kyrne fekk a 
dette saltet, la dei seg aldri vekke. (Fjarland. 
Bufordagen skulde ein usedd gaa burt i eit grannesel og te 
noko oska fraa aaret før or elta. Det skulde ein gjeva beisti saman 
med salt, so la dei seg ikkje vekke. (Fjarl. 
Dei skulde ha salt nedi bjolla, og so gjeva kyrne det, eller 
dei skov av bjølla og hadde skavet i lag med salt. Det hjelpte mot 
at kyrne la seg ute. (Balestr. 
uel 
Dei skulde ta ein kalv ei stund etter han var borer 
og lyfta han upp med fotene i vertet, dersom han daa lyfte upp hovude 
var han setjande; men hengde han hotudet ned, maatte dei ikkje setj. 
han.(Fjærl. 
Naar ein kalv godt og vel var turr, so bar dei han inn i 
stova ogsette han midt paa golvet.Gjekk han daa mot bordet, var han 
setjande. Men gjekk han aat døri ,so maatte dei ikkje setja han. Fjærl. 
Naar ein kalv var fodd med segershuva, so tok del og slo henne 
fast paa veggen over mori. Daa vart ho til lukka for kalven og mori 
Denne kalven ha segershua, denna lyte me setja", brukte dei aa segja 
Dei brukte aa leggja heitt høy paa krossryggen aat kyri naar