Dei tok og la kniven nedi logbytta fyrste gonden ei kyr drakk
etter ho hadde kalva (Fjærl.
Fyrste maalet ei kyr fekk etter ho haddee bore ,fekk ho
kling. Dei la klingen paa byttebotnen, mjolka so litt ned paa klinger
so han vart bløytt, og so gav dei han til kyri.(Fjærl.
Dei skulde gjeva ei kviga namn naar ho hadde bore, og det
gjorde dei paa ymse maatar: Ei gamal kona fortel det soleis: Me skuld
gjeva kviga ein kling. "Det er det same kva de har paa" sa han far
Men ta berre dyktigt med tjøra paa." Det var budeia som skulde gjeve
namnet. Ho gav kviga klingen, so klappa ho henne og sa namnet.(Fjærl
Naar dei aat kvigekaka (mjelkekaka laga av fyrste mjolki)se
skulde dei gjeta kva namn kviga hadde faatt. Det vart halde loynt til
dees.
Andre stader var kvigedaapen endaa meir høgtidleg. Budeia gav
klingen og sa fram denne regla.
Konpeid (t.d.) skal du heite
og det skal du lyd
og det skal du fylgje
g det skal du gaa heim med
og det skal du leva med. (Fjarl.
Naar dei gav ei kviga av den fyrste mjelki hennar, so skulde
det verta ei god kyr. Dei gjekk straks stad og laga hellekako
(= mjolkekakor) av resten av mjolki , kvigekakor kalla dei deim. Dei
let kviga smaka av desse kakone, og daa gav dei henne namn.( V)
Paa Syrstrand fortel dei det soleis: Naar ei kviga hadde faatt
kalv, so skulde ho doypast. Dei tok noko bresta av fyrste mjolki henna
la det paa ein halv flatbrødleiv og gav kviga.So sa budeia(eller mat
mori) namnet soleis: