Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Kvigeklingen skal du eta 
Fagreid (t.d.)skal du heita 
Skulde det verta hema paa ein boling ,so laut det vera 3 bu-namn 
og 3 reidnamn, d.v.s. tre namn skulde byrja med bu - og tre enda 
med-reid. (Vetlefj.) Alle kyr med namn som enda paa -reid,skulde 
verta gode kyr. Namnet paste til salute kyr, ikkje til droplute ellen 
rosute. (Fjærl. 
Det var so um aa gjera for i tidi aa verja beisti sine 
mot sjukdom, ovund, vondt auga, huldrer og annan trollskap. Heile 
velferdi deira laag i at beisti var gode og friske. Naar ei kyr hadd 
bore skulde ikkje grannane vita det. Naar kyrne mjolka ureint, so var 
det anten huldrer eller trollkjerringar som hadde vore ute. Var det 
lite mjolk i kyrne/var det og huldrer som hadde mjolka. Daa skulde 
dei leggja ein kniv i bytta 
Ho Anna (82 aar) har høyrt gjete at dei stakk ein 
gygra-sopel nedi mjølki for aa verna henne mot trollskap. Paa stolan 
brukte dei ofte aa leggja mjolkekrossar (- tettegras) nedi bytta, 
naar dei mjolka. Naar dei slo mjølk fraa eit bidne til eit anna, so 
skulde ein slaa til vinstre og ikkje til høgre, utan so slo ein mjølk 
fraa seg. Hogg ein kjet paa ein sundgg, so vilde ein faa mykje 
skadekjet paggarden. 
Dei skulde ha oska i saltet dei tre høgtidsmorgonane 
og gjeva heile bolingen, daa kom dei ikkje til aa skjena um sumaren. 
Jolemorgonen gav dei bjollekyri og stuten øl og kaka,so dei skulde 
faa trivnad paa buskapen. 
For dei hadde bjella paa bjollekyri naar dei skulde 
løysa um vaaren, so gav dei henne salt or bjolla. Dei hadde endas 
noko tjøra i saltet og det skulde vera mot tauvring.(Fjørland)