Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Det hende at folk klypte bust av anns manns gris ,eller haar 
av anns manns beist, hadde det i salt og gav sine eigne beist. Daa 
fekk dei lukka paa beisti sine, trudde dei. 
Dei hadde ymse maatar aa hylla beisti til seg.Stundom 
brukte dei "Hydleregla" Tvo budeior i Supp-helle-dalen skulde fran 
i Kalva-hagen og henta kyrne sine ein kveld. Den eine meinte det var 
synd aa bruka bener til aa hylla beisti med. Men den andre trudde 
ikkje det kunde vera noko gale, for det stod daa Guds namn i dei 
sa ho. "Her skal du høyra ei hylle-regla: 
Eg sete meg ned paa ein jordfast stein 
og so hyller eg alle beis ti mine heim 
fraa leite og beite 
staa-ande paa selbeer 
med fulle jur og sprikjande tattar 
Og gjev dei vil vera meg so hylle og tru 
om Jesusbarnet var mot jonfru Maria 
den tid ho bar han i sitt linda-band 
1 namnet Gud-fader, son og hellig-aand. 
Dei hadde so mange slag mark og varsel med beisti. 
Naar ei kyr hadde ein kvervel midt bak paa juret, so var det go 
mielke. Pen kyri som trilla i fjosderi fyrste gongen dei loyst 
um vaaren, skulde ikkje koma innatt um hausten. Er det ei kyr son 
snur seg og gaular ,naar dei leyser um vaaren, so skulde ho ikkje 
kema innatt. Likeeins var det naar ei kyr stod attmed selet og 
gaulte, den dagen dei buførte heim fraa stolen. Ho skulde ikkje 
koma att der meir. Ein gamal mann fortel korleis han mange gonge. 
har funne ut anten ei kos-komi kyr er levande eller daud. Ein skal