Fasta Dei skulde svelta seg so fælt i fastetidi i forige dagar
og naar dei kom til kyrkje paaskedag, skulde dei vera so utpilka
og utsvelte at dei laut gaa med stav. Dei var ikkje so innpaa som
dei let seg. Te meir utpinte dei var ,te saligare vart dei. Ein paas
kedag meden folk sat i Tjugakyrkja,var det ein fanta-lake som hadd
skore stavane mest av. Dei stod i kyrkjesvoli eller utfor kyrkje
veggen. Daa so folk kom ut og skulde gjera seg arme og ste seg par
stavane, rauk desse av og armingane datt ivenda,so det var baade
ilt og logje aa sjaa paa.
Paaska. Natti til langfredag maatte ingen skoda ut gjenom glasi.
Det skulde visa seg noko uta som kunde faa makt over ein. Dei skulde
pina seg den dagen. Ein mann paa Aafet stod tidleg upp langfredag
las teksten med lampeljos, og so strauk han fastande til fjells og
henta riskippor.
Han gamle Sjur Mundal vilde alltid ha langafredag,som dei
sa. Han kledde seg naken til beltes og so maatte tenestgjenta eller
einkvan annan, risa han. Eingong daa ho slo han nokso kvast, sa han
"Ikkje rett so fust, ikkje rett so fust!
1 seinare tid for dei og "gav kvarandre langfredag".Men de
var meir for moro. Det var um la gjera aa staa fyrst upp. Gutane
for kring i fjosane og dengde gjentone. Man det hende nok at gjenton
dengde gutane og.
Langfredag skal det alltid blaasa vind inn Sognefjorden. Dat
kjem havfrua att med"fedebeisti % sine. (beist som ho har havt ti.
torings.
Paaskeafta skulde deil ikkje kveikja ljos, dei sat ofte og
krumma i myrkret og visste ikkje aa finna maten. (Fjarl.
Pauskemorgonen skulde soli dansa nett med det same ho kom upp.