Huldrene heldt seg i grasvaksne haugar. Naar ei kyr hadde
vore huldrekyr, so var ho vekke eit eller eit par døger kvar sumar.
Eingong hadde dei ei slik kyr paa Hamarsnes. Det var ikkje nokor
drulta, det var ei framifraa kyr. So visst som sumaren kom var ho
vekke eit døger. Det var plent som ho var sokke i jordi.Huldrene
varslar stundom budeione. Eingong laag ei gjenta og duste og dorme
burtunder stolen paa Hamarsnes, og so ropte det uppe i haugane: Ae
no reise kydna dine, ha,ha,ha. Budeia slo hovudet upp og so saag ho
i den siste kyri langt inne paa eit leite. Ho sprang stad paa ren
nande timen og henta dei.
Uppe i Meneshaugen skulde det vera huldrer. Eingong var det
nokre karar uppe der og skulde risa. Daa dei kom upp, sat det
nokre huldrer og spelte so levande fint. Han Vetle-Sjur var ikkje
kar um aa halda seg, men tok til aa linka paa seg og dansa.Daa
sette huldrene i aa skrattelæ, og so kom dei vekk.
Hon Gitlaug stidde i Esefjardanbotn i 30-40 aar.Eingong kom
Naar UeI KUKLe Ute SO Var del SO Skjelvande redde aa sila
noko heitt nedi jordi: "Flytt dykk de som under bur"brukte dei aa
segja. Eingong dei slo heitt vatn utfor stovetroppi nede paa Stølen
sa gamle kaarmannen: De kunde no gjedna ha varskutt før de tomde
ut vatnet.
Eingong var det ein som skulde stad og skjota bjørn. Daa ka
raaka bamsen, gaulte det uppe i lidi:" No kjem da ein kar og ve
skjota grisen vaor, no lyte me kadla han innatte." Daa svara ein
annan huldrekall at det hadde ingi naud med det, for skyttaren
hadde ikkje vaska seg i augo endaa.Daa svara den fyrste : Da gjer
han snart, for han bere vass-tankaren pao seg." Skyttaren hoyrde
alt dette, og paa stikkande timen vaska han seg i den kjelde han
bar paa seg, og skaut bjornen.(Fjærl.)