Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

der som bjørnen brukte å gå. Då heldt han seg burte. Dei skræmde 
ofte bjørnen med næverloge når han kom nær sæli 
Det var so aulande fullt med fantar som for og ral 
før i tidi,og dei gjorde både tigga og truga. Dei lest vera kunnigt 
i mangt og folk var skjelvande redde dei ofte. Når ein fant eller 
ei fenta var utom døri komen so la dei eimyrja på stolen eller 
krakken, han hadde sete på. Stundom hivde dei gloande kolstykke ut 
gjenom døri etter han. Då trudde dei at det vonde som fylgde han 
var tynt. 
Når ei børsa var skjemd eller fortrolla, so skulde 
dei lata " ein opse d.v.s. eld gå gjenom pipa. Dersom ein ikkje 
fekk fisk med ei dorg so var ho fortrolla. Då hende det at dei pis 
ka dorgi med ei brennande spraka-buska. 
Dei måtte vera svært varsame med udøypte born, dei 
underjordiske var so skavande huga på dei. Fyrste gongen dei vaska 
barnet, måtte dei ha ei glo i vatnet, og dei let det brenna ljos un 
nettene yver barnet før det var døypt. Ein gamling fortel at han 
nett so vidt kan hugsa at dei kasta ei glo upp i vaskevatnet før 
dei slo det ut. Fekk dei underbuande tak i noko som høyrde til elle: 
hadde vore på kroppen, so hadde dei makt over ein. 
Eld ,serleg kruteld, kunde lækja for sjukdomar som 
var påsette av dei underjordiske. Når eit dyr fekk bråsotti,se 
trudde sume det kom frå dei underjordiske. Det skulde hjelpa å 
sleppa eit laust skot gjenom fjosen. 
Når eit barn felte ei tonn, so ofra dei henne til elden 
og sa: Eg miste ei beintonn, gjev meg ei gulltonn 
Ein fortel at dei hivde tonni vekk og sa: Mus,mus,eg 
skal gjeva deg ei sylvtonn, gjev so du meg ei beintonn 
Sume folk hadde evna til å sjå varsel um brand. Dei 
såg ein raud loge over det huset som skulde brenna. Dei skulde då 
varsla husens folk um dette. Dersom husbonden i huset då ofra 
ei halv tunna mjøl, eller eit speke nauta-lær, eller noko slikt, 
so kunde han vera trygg 
Dei hadde mange mark med elden. Når det susa fælt i om 
nen so kom ei sjæl på den vonde staden. Dei sa og at einkvan var i 
sjønaud, når det spraka i omnen. 
Når det kvein i grytemalmen (gryta let illa liksom 
då var einkvan i havsnaud. Då skulde dei piska gryta med ris, so 
vilde det verta bjerg for dei som var illa-komne.(auh, 
Såg dei eit 1jos i mastertoppen, skulde fartyet forlisa. 
Når eit barn leika med varmen, so kom det til å væta i sengi un 
natti. 
Når ein lykting slo ned og laga brand, so kunde eir 
ikkje sløkkja ein slik brand med vatn, men saua-mjølk greidde det 
ein annan segjer søtamjølk. Det laut vera noko sers. Ei brennande 
vedaskia eller glør av vanleg varme skulde og vera god til å 
sløkkja lynvarme med.