Full text: Folkeminne frå Gauldal 1940-07-09/1941-09-01 Gauldal

3a. 
Skikkar og truer 
Satt ein og åt og det datt ned ei skei for ein kom det kvinnfolk ti: 
gards. Var det kniv hells gaffel som vart hedslept kom det karmann, 
Klemmer ein foten sin i døra får ein spyrje daudt. 
Geispar ein svært mykje trøytt så kjem det framande. 
Kokar ein klårt vatn kokar ein bort friarane. Så det måtte kje jentene 
gjera for aldri det. 
Skrik korpen attmed husa er det feigt folk på garden. 
Er det svært mange som giftarseg skal det bli krig. 
Det var Nordgards-gamla,ho sa det ho at smala det fynn det kom et 
menneskj skull det vera eit godt menneskje. Men smala det etter det gjekk att va 
det vondt 
Avfallet tå soplimen måtte dei ikkje kaste på varmen,for da vart dei 
sårspena kyrne. 
Det var kje noko godt merkje når musa åt opp klæa for ein. 
Heller ikkje var det noko godt tegn når det tok på vart mykje skjor 
attmed husa 
Vart likhopen ledet (sundrom) vart det snart ei likferd til. 
Hestane måtte kje få sjå oppi mjølkringa for da sprakk mjølka. 
Fysst ei ku hadde bore var det å ha ljøs nedi drykken. Det var forat 
tussane og trollkjerringane ikkje skulle få nokor makt.Elles va det mykje bruk 
å ha ein kniv ståande oppfor fjøsdøra mot det søm vondt var. Det skull vere 
kniv over haue på kua når ho xxxg kalva og etterpå korsa dei med kniven over 
kalven. 
Døm si no at alle gamle mea æ undakjørt.Men det finst da att enkvan