Full text: 1. Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld i åri 1929-30 av Sjur H. Bøyum 1929/1930 Balestrand

Dra riva rundt løg 
Julafta skulde dei dra låvariva rundt løa 3 gonger. med tindane 
pp. Siste gongen kjem han (eller ho) og hektar seg fast i ri (? 
9 medtsotar 
Ei hadde mie sostar mat på ein kling, so åt dei klingen nett fyr 
dei la seg. Då drøymde dei kven dei skulde få 
På attenges til ei elv. 
Jonson-natt" skulde ein gå ned til ei grov. Ein skulde ha hendene 
attum seg og gå attlenges ned mot elvekanten. Der skulde en hykja 
seg ned og tung attum seg nedi vatnet. Det fyrste ein breiv i nede 
på elvebotnen skulde ein ta med seg, liggja det under hovudputa. 
og sova. Då skulde ein drøyma um kven ein skulde få 
Ho Unni, kona mi og ei onnor gjenta, prøvde dette. Ho kum trefte på 
eit tindle-auga, og ho fekk ein mann som hadde berre eit auga. 
Sitja skome and føttes 
Ein skulde setja skorne andføttes framfyre senger i eit rom 
ein aldri hadde sover. Då drøymde ein kven ein skulde på 
Sova med spegel under puta 
Julafta. fyre kveldbisken skulde ein leggja seg fastande med ein 
speget under hovda kodden. Då skulde ein drøyma kven ein skulde på. 
springa rundt laa. 
julafta skulde ein gå upp i laa i treskor og setja dei framfor 
låva-briki, so skulde ein ut og springa rundt løa tre gonger. nå 
ein kom innatt, stod den ein skulde få i treskorne.