Full text: 1. Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld i åri 1929-30 av Sjur H. Bøyum 1929/1930 Balestrand

leette etter blankehatten sin. Ho skimpa til å lesa det stykket. 
som løyser den vonde. Han tok til å t rumstera og halda leven, 
so sette ho han til å plakka stein uppe i ei stor urd under 
ei liti fjellnov som heiter Gygri. Han dreiv på so hardt at det 
losna ei stor stein- og jordskreda som tok med seg ein det 
av huss på gården og for ned gjenom Maragilet. Dette måtte 
vera i den tid då kyrkja stod på Bøyam; mannen reid til kyrkja, 
fortelst det, og dei høyrdet deinen av skreda midt under gudstenesta, 
og husbonden skunda seg utor kyrkja og reid henmatt det snøggaste 
han vann og fekk binda styggemannen. 
På Konnkvinao nede på flaten har dei funne stabbursstolpar 
og grytebetar og andre ting djupt nede i jordi, so det er sikkert 
at det eingong må ha gått ei skreda som har feke noko av 
gården med seg