Full text: 1. Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld i åri 1929-30 av Sjur H. Bøyum 1929/1930 Balestrand

segner uet ymse Vette og anna overnakerlig 
Gudvonden 
"Dersom der ikkje var gardvord, var det ingi 
lukka på garden 
Gardor i var det på kvar gård. Han fylgde med kvar den som 
høyrde garden til, plent som ein hund. Når ein gjekk inn på i e 
framand stova so skulde ein lata godt upp døri, so gardvorden 
kunde sleppa inn. Det skulde vera hamen at han som hadde rudt garden 
Når dei sov for lenge på garden, so fekk dei vordklorot. Det 
var gardvorden som vekte dei på den måten at han klorte dei. Han 
likte ikkje at dei sov for lenge. 
Han Smeda-Haus var uppe i gamle-bui i Hospedalen på foring. S. 
kom det noko usynleg og trykte han ihop og klemde han. Han Ham 
strita imot, men sistpå vart han hind fram or sengi som ein 
larke. Han Hans var stod på at det var gardvorden som gjorde det 
Han likte vel ikkje at han Hans for der og sprokta med gjentone 
I Vettefjorden brukte dei ordet "gardvord um ein liten tufs, tunsing, 
som dei underjordiske på einkvan måten hadde havt med å gjera 
Uppe i kammerset der som me sov var det slik pikking og sengling 
bak hovdane. Det var nett som du hevde frå deg eit kvartslag i 
smida. Me trudde fullt og fast det var vergen (gardvorden) som 
heldt til der. Me var glade for det, for det skal alltid vera so trygge 
og fredelige hus der som vergen held seg