Hordaland, Jondal, g.nr. 45,1
Stn. v/skb. 1931
Dårdihålå. Det var ein gong ei kona frå garden Haddlaråker i Tørvil
spm kom frå stølen med mjølk; på vegjen møtte ho ein bjørn, og han tok
henne og vilde grava henne ned. Men mens han grov, tok kona av seg
ytreklædi og hengde dei på ei grein so bjørnen skulde tru at det var
henne, og so sprang ho heim. Men då bjørnen såg at ho var burte, sprang
han etter. Då han kom heim til hageledet, gjekk mannen og slo der.
Bjørnen klauv upp på ledet, men då mannen såg det, hogg han etter bjørnen
med 1jåen, og hogg eine foten av han. Bjørnen sette i å belja og sprang
til skogs att. Sidan hev denne hola som bjørnen grov vorte kalla Dårdi
halå etter kona.