Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

Trollkjerringar og trollskap. 
Trollkjerringane har preik i kyrkja jonsoknatti. Det var eingon 
tre skeyarar som gjekk upp i taarnet jonsoknatti. Dei hadde ei grastorva 
paa hovudet med grassvorden ned. Daa skulde dei faa sjaa kven som var 
trollkjerringar. Den vonde kom til dei og vilde jaga dei. Men han fekk 
ikkje rikka dei, for dei gjorde krossteiknet fyre seg 
Paa raaskne vegger og stokkar veks det ein sopp som liknar fisesopp 
Dei trudde det var trollkjerringspya. Dei hogg alltid oksi i det,naa 
dei saag ei slik spya. 
Gamle Eldegarden var meistarspolemann. Eingong spelte han i eit 
brudlaup. So kom presten og sa han skulde slutta. Men Eldegarden vilde 
ikkje. Daa tok presten fela ifraa han og la ho paa bordet. Men fela 
spelte slatten ut medan ho laag paa bordet. Spelemannen sa seinare at 
det var baade fyrste og siste gongen han vilde gjera dette. 
Naar ein vilde sjaa trollkjerringane jonsoknatti, so skulde ein sitj 
paa kyrkjelemen og so skulde ein ha ei torva paa hovudet som var rangt 
skori og rangt snudd. 
Det var ei trollkjerring pas Hafslo (bestemor til kona hans Ivar 
Venjehola).Dei hadde ein nokso stor plass paa Hilleren. Mannen kalla dei 
sili 
Rike-Haugen. Tenestguten fekk alltid/med seg naar han skulde aat marki 
um sumrane. Han fekk berre tvo sildar i maalet 
Ho sette han alltid til at han maatte ikkje brjota sildabeini og a 
han maatte ta beini med seg att. Han lydde henne,men forundra seg mykje 
paa kva dette skulde tyda. So var han ikkje god til a halda seg eingon 
Men braut sund beini. Daa sa kjerringi til han daa han kom heimatt: 
No har du gjort oss sildalause." Ho hadde vore god til aa laga nye sild 
paa beini, so lenge dei var heile, men no var det slutt med det.