N
Far til kona mi fortalde um ein finnagut som arbeidde hjaa Garm
i Bergen (umlag 100 aar sidan.) Dei andre var so fæle med guten at han
fekk ikkje fred korkje seint eller tidleg. Ein dag
spurde guten: "Ser
de den geiti uppe under Floyfjellet?
Jau ,det gjorde dei. "Let de
meg ikkje vera ifred ,so skal eg gjera
med dykk som eg gjer
nedgeiti
no." Best som det var hoppa ho beint upp
i lukti og datt daud ned.
Daa vart dei radt skræmde, og fraa den dagen fekk han fred.