2
Daa han Tomas drukna vart det varsla fyreaat. Sisste natti han levde, lag
me i Kraakevaag. Daa kom rortangen laus, so han laag og daska og slo. Har
Per fekk han ikkje fast fyrr han hadde vore uppe tre gonger og surra han.
Kvelden etter drukna han Tomas. Han hadde lykelen til matkista i lammen,og
denne lykelen stogga ikkje i laaset meir. Han datt alltid paa golvet. Ein
som bar lykelen par seg seinare, datt paa fjorden.
Ytst paa " Saongfjorao " (Sognfjera) er ei jektehamn dei kallar
Tjuungadn (Tjuvungane) Der hadde det eingong drukna 6 mann. Dei hadde trakke
i sida paa baaten so han gjekk rundt. Der har det aldri vore tydalaust
Laag nokon aleine med eit farty der, so var det aldri fred aa faa.
Eingong me laag der, kom det ein baat roande og la attaat jekti
medan me laag nede i vengen, fortøydde baaten og kom inn paa dekk, spente
i kjettingane og ramla og heldt leven. Daa me gjekk upp paa dekk, var det
ingenting aa sjaa. Eingong vært roren letta frau hakane og datt tungt nedatt
so koppane og bidni deira dirra paa bordet.
Ein som heitte Sanden, gjekk eingong upp paa dekk,og das saa
han ein mann som stupte seg i sjøen og vurt burte.
Haar noko av husdyri kom med ein vanskapt burd, ein uburd kalla
dei det ofte - so var einkvan i huset feig.
Naar dei var ferdige med aa steypa ljos, so skulde dei sjaa
paa flogga ( lag med storkna talg) dagen etter. Var det sprukkor i flogga
so var einkvan i heimen feig.
Var eit lik svart mjukt naar dei la det i kista, so skulde
det snart dey einkvan i huslyden.
Maar det regner i opi grav fyrr dei har sett liket nedi, so skal
det snart dey einkvan att.
Dersom ein datt pua hella i kyrkjegardsledet fyrste gong eir
var til kyrkje ,og so tok upp i augo, vart ein syns
Dette skulde nok henda med han Knut -Anders.