.
Naar rammen "spente klor" over husi paa ein gard so skulde det snart verta
ekteskulnad" d.v.s. eit av sjølvefolket skulde dey
Daa han gamle Endre Distad laag sjuk, var det slik jammer av kattug
lone inne i lea, men daa han var gravlagd ,kom dei vekk.
Julafta brukte dei fyrr aa liggja i halmen i stova og sengene deira
stod tome. Dersom det juledagsmorgonen var ei hola i ei seng, so var har
som brukte den sengi feig
Naar skjori skrik paa sers tider, so er det feigdabod
Dersom skjori viste seg sjeldan, skulde ho varsla lik.
Dei som deydde paa ein sundag, var visse um au verta salige.
Naar det datt mat utor munnen paa ein medan dei sat og aat, kom ein snar
til aa spyrja at nokon var død.
Varsel um ded og likferd saug dei gamle ofte paa sjøen. Der kunde lege)
seg ei still rand eller ei stripa etter fjorden. Fyrstundes var ho krokut
men til nærare ho kom dit likferdi kom til aa fara fraa, til breidare var
ho og meir som ei utstrekt snor.
Ho bestemor fortalde at det eingong var tvo slike likvoker. Dei gjekk
og undra seg paa kva dette kunde ha paa seg. Men daa likferdsdagen kom
dekk dei løysingi paa det. Det kom tvo store baatar roande sida um side
nett med det millomromet som likvokene hadde synt.
Naar ljoset rann ned, so var den som sat midt for skaret i ljostopper
(der det rann) feig
Naar smaafuglane sit paa glasrutone, skal det koma feigd i huset
Da sat ein liten fugl paa glaset", sa ho Sjur-Anna, " 14 dagar ette
de da yngsta badnet mitt.
Naar paddone kjem krjupande inni tunet, daa skal der vera feigd
Dei brukte aa laga kransar jonsokkvelden til kvart menneske i huset, og de
la dei paa beten i stova. Ofte stakk dei nokre straa av feigdagras inn