Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

2 
millom blomane, og so nuppa dei blomstrane av graset ,dersom desse 
blomstrane ikkje skaut ut att til neste morgon, so var eigaren av kran 
sen feig 
Dei trudde det at kvinnor som deydde paa barnseng vart alltid frelst 
Naar eit likfylgje gjekk i flokkar so skulde det snart verta eit lik til 
i bygdi 
Naar det ligg tvo lik paa same tid i bygdi, so skal det start verta 
eit tredje lik 
Naar kattugla skrik nær innaat husi, so skulde det verta "ekteskul 
nad" (eit av fyrefolki skulde falla. 
Fyrste gongen ein høyrde gauken, skulde ein telja kor mange gonger 
han gol. So mange gonger som han gol, so mange aar skulde ein leva. 
Datt skaret av ljoset ned paa golvet julafta, og det peikte imot 
ein person, skulde han doy innan nøste jul 
Dekkjer ein paa bord til 13, so skal ein av dei vera feig 
Saag ein erla fyrste gongen paa lo-taket, skulde ein koma i jordaferd 
Naar ljoset flakna sund, eller det datt i stykke medan dei heldt 
paa og stoypte, so varsla det daude. Dersom dei fekk ljosi godt til se 
varsla det godt. 
Naar kattugla narmer seg glasi og sit og skrik utanfor, skulde 
einkvan vera feig. Eingong var det ei lagdakjerring paa Tue. Ein kveld 
kom kattugla like inn paa glaset og skreik. El studt tid etter doydde 
lagdakjerringi. 
Med det same ein salast, skulde dei letta paa skjolet (ljoreluke 
so mykje sjeli skulde sleppa ut. Ho Skreddar-Johanna i Ese gjorde det das 
mannen dennar doydde 
bei skulde sopa ut oska fraa ommsalen julafta. Viste det se 
far etter ein vaksen fot i oska so skulde eit vakse menneske doy fyr