Full text: Truer og skikkar, Aardal. I Årdal

kasta dei uppi ei glo fyr dei 
slo det ut. Kvifor ein gjorde 
dette, det er ikkje radt visst. 
Dei kjøpte ikkje kostar, korkje 
harde eller mjuke, i gamle dagar 
som no dei gjer. Det var skuring 
med sand og soplingar eller sprake 
buskar til aa s..yrta golv og 
gangar med. 
Men naar ein daa laga soplingar, 
skulde ein setja tre skòror i kvisten 
for at ikkje "gjygred'n" skulde ta 
dei og rida paa dei. 
Til høgtidshelgane krita dei veggjene. 
Og naar ein sat til bords og aat til 
kvelds jolafta, skulde ein ikkje lysa