Full text: Truer og skikkar, Aardal. I Årdal

Draugslag 
Fraa gamal tid gjeng det ord 
um ein sjukdom dei kalla Draugslag. 
Det var ein slags ryggverk. Fekk nokon 
denne sjukdomen, hadde draugen 
slege dei. Lækjeraadi var soleis: 
Dei laut freista faa tak i eit par 
bukseselar fraa ein drukna. Den 
sjuke fekk nokre drag av selane. 
Daa vart han god att. 
Det finst døme paa at hestar og 
andre dyr kunde faa denne sjuk 
domen og. Soleis Gamle-merri i "Viki." 
Ho fekk 'an for plagen i vaaronni, 
so ho kom 'kje av flekken. So høvde 
det til at einkvan hadde eit selepar 
etter ein mann som hadde drukna.