What is Samla?

SAMLA is the Norwegian digital resource for tradition archives. It contains a variety of sources on cultural history, from 19th and 20th-century collectors of folklore, questionnaire answers on customs, traditions, folk belief and more from all over the country, on both majority and minority culture.  

SAMLA contains documents from the Norwegian Folklore Arcrhives, the Norwegian Ethnological Research and the Ethno-Folkloristic Archive

Visste du at samla-logoen er henta frå dette førelesingsmanuskriptet?

Disse arkiva inneheld eit rikt kulturhistorisk materiale som vil bli gjort tilgjengeleg på nettsida samla.no som eitt felles digitalarkiv. Den tekniske infrastrukturen blir utvikla og haldt vedlike av Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen. Til saman inneheld dei tre arkiva eit stort mangfald av kulturelle uttrykk og praksisar, både frå fleirtallsbefolkinga, minoritetsbefolkninga og urfolkskulturar i Noreg. Saman kan dei gje eit godt bilde av utviklinga av haldningar, kvardagsliv og verdisyn.

Føremålet med digitalarkivet er å opne for meir forsking på kontinuitet og endring innanfor norsk, men også nordisk og europeisk, kulturhistorie. Den digitale databasen skal kunne utføre avanserte søk på tvers av arkivinstitusjonar og materiale. Prosjektet skal dessutan koordinerast med tilsvarande digitale infrastrukturar i andre land, gjennom det amerikansk-europeiske prosjektet Intelligent Search Engine for Belief Legends (ISEBEL). I fyrste omgang vil koordineringa skje med infrastrukturar i Island, Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland.

Samlingar av folkeeventyr, segner, balladar, trusførestellingar, folkemedisinske tradisjonar, mattradisjonar og handverkstradisjonar er eksempel på data som no blir tilgjengelig. Dette er viktig kjeldemateriale for forsking, men også for turistsektoren, kulturminnesektoren, kreative verksemder, utdanningsinstitusjonar, museum og lokale historieorganisasjonar.

Datainfrastrukturen blir utvikla ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen, i lag med Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo, og Norsk Folkemuseum. Den tekniske sida blir arbeidd med av Universitetsbiblioteket i Bergen. Databasen vil ha ein administrativ redaktør for partnarane i prosjektet, medan sjølve nettarkivet vil vere ope tilgjengeleg, og i tråd med FAIR-prinsippa for forskingsdata.

Her finn du ein presentasjon av SAMLA.