TEMA: Folketru

Tjærekors

Begrepet folketru blir gjerne nytta om førestillingar om naturmytiske vesen og overnaturlege krefter, som lever ved sida av religionen. Det er likevel ikkje noko tett skilje mellom folketrua og religionen. Tvert imot er det klåre element av kristendom i norsk folketru, og folkeleg religionsutøving kan også vere påverka av trua på vesen og makter. Folketrua heng tett saman med det sosiale livet. Den fortel om kulturelle normer og verdiar. Den fortel om risiko og redsle, men også det folk drøymer om. I SAMLA dekkjer temaet folketru forteljingar og utsegn om naturmytiske vesen, medan trua på trolldom, vernemagi og varseltaking ikkje er inkludert. 

Results: 49