Trolldom

Bilde frå NFS_OlsenJohn_001_001_0023

Trolldom er ei nemning for magiske handlingar. I kulturhistoria finst det ulike former for trolldom, som vernemagi, signeri og skademagi. Dei som utøvde trolldom vart kalla trollfolk, og det finst ein rik forteljartradisjon om folk som vart tillagt trolldomskunnskapar. I tidleg moderne tid (frå sent på 1500-talet til 1700-talet) vart trolldom også brukt som eit juridisk omgrep, og all form for trolldomsutøving vart forbode. Det tematiske søket på trolldom famnar både forteljingar og førestillingar om trolldom og magiske former og oppskrifter. 

Illustrasjon, Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo, NFS_OlsenJohn_001_001_0023

Results: 150