Sogn og Fjordane, Borgund, g.nr.17,1 Stn. v/S.D.Midttun 1957/58
Innk. 1959.
Skeidsvollen, ei nokså vid flat eng under Poassen langs med elvi. Frå
gamal tid og til omlag for 50 år sidan dreiv dei med tråvkjøring på
elveisen frå Skeidsv. og nedover mot Voldum på den stiltrennande deler
av elvi som vanleg vert kalla Fjorden. Skv. var startplassen. Denne
tråvkøyringi var serskilt knytt til trettenhelgi, som på skjemt ha:
vorte kalla Borgunds-joli. Alle møtte til preiki trettendagen, og det
kom mange utanbygdsfolk ög, serskilt lærdøler som hadde slektfolk på
Borgund, men andre ög, også frå andre bygder. "Eg hugsar det var så
mange folk der at dei fekk ikkje lata att døri; me stod utanfor", for
talde Ingeleiv Sletthagen (79 år). Etter messa var det kappkøyring fo:
å sjå kven som hadde sprekaste hesten. Så vart det samkome og gjeste
bod. Men dei hadde kappkøyring til andre tider dg, og då kunne det møta
folk med hestar frå fleire Sognebygder
Eigaren av Berge meiner han har funne merke etter ein eld
stad på elvebakken på Skv. Då han pløgde upp vollen der, som han mein
te hadde lege urørd frå gamal tid, kom han nedpâ og tok opp fleire
heller som låg tett saman, og det var ein heil del trekol i jordi der
Elles har han funne ein pilodd på dette stykket. Men sume andre va:
ikkje så trygge på dette med den gamle eldstaden.