Full text: Truer og formularar

Hamre, Nhl. 
Å binde ormen. 
Jomfru Maria, 
gjev meg reiv 
gjev meg linde, 
eg ska (ell. vil) ormen binde, 
Bitt um hove! 
bitt um spor! 
Han ska kje røra seg meir på denne jor, 
Denne formularen lærde yverlærar 
Askell Røskeland då han var smågut 
heime, av Gaml-Anna, ei gjente som 
passa borni. 
Ho gjorde og åt for folk. I brennevin. 
Eller i ei kaka av mjøl. Men då vilde 
ho vera åleine. AR. løynde seg ein gong 
til å kika; ho bles og mulla noko. 
Ho fekk 1 ort for åtgjering. 
Ho hadde mange sogor: Ho hadde lege på 
loftet med tunkallen. Ho song óg gl. visor: 
Sante Mårteins gåvor; Kråke-visa og andre 
(Askell Røskeland Stord 5/10 1925)