Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Brita Nauteskreda hadde den skikken at når ho yste, og kjelen kokte 
over,sprang ho etter ein neve salt og kasta nedi gruva. Det skulde 
hjelpa so kyrne ikkje vart såre på spenane. 
Ljosa-støyping. 
Dei måtte vera svårt varsame når dei støypte ljos. Dei måtte 
ikkjegå ut på nokoslag forretning um dei var aldri so trengde 
Utan so vilde ljosi koma til å renna ,eller det vilde verta slik 
knerting og braking i ljosi når dei brann. Var nokon so slysen at han 
slepte ein ljod medan han dreiv på med støypingi ,vart det radt gale 
med braking i ljosi 
Onne-arbeid 
Når dei berja, la dei til sides det beste kornet til sånad og 
til melting .Dei dyrka mest havre og bygg. Rein bygg kalla dei 
klårkorn. Dei blanda ofte ihop bygg og havre, halvdelen av kvar sort 
Byggen vilde ofte lite grand snarare gjor enn havren i slikt 
blandkorn. Valbygg vart best gjor i lag med havren. Blandkornet med 
valbygg var so streng med åkeren. Det skulde so mykje gjødsel til. 
Aret etter dei hadde potetor i ein åker, sådde dei klårkorn. 
Når kornet la seg for tidleg ned og rotna i roti, vart det svipekst(to 
me aks). Det kom ofte av at dei sådde for tjukt for å døyva xx ugra 
set. Havren toler betre at dei sår tjukt. I. Fjærland var såbilet 
12-14 mai. I Vetlefj. rekna dei 12 mai for såbilet. På Skrenes rekna 
dei såbilet den 25 mai. Det viser seg at det visse såbilet er det beste 
I våronni fekk onnefolki kveldbisk. Dei bar eit spann med 
ø1,og potetkakor ut på äkeren til dei i 6-tidi. 
Når dei i våronni såg ein moldukse, so tok dei merke på han 
korleis året skulde verta. Hadde han lange føter, so skulde det verta 
langt gras og lang lod. Men var dei stutte, vart det skin-år og 
stutt gras. Dei hadde eit anna merke og.: Var framføtene lengre enn 
bakføtene, so skulde dei så tidleg. Men var det umvendt, skulde dei 
så seinare. (Balestr.) I Esefjorden sa dei det slik: Var føtene i 
midten lengst so var midtsadet best, d.v.s. det vanlege såbilet.Var 
framføtene lengst so skulde dei så fyre midtsædet. 
Var det fremste par føter lengst ,skulde ein så tidleg.Mer 
var desse føtene små, kom tidleg sånad til å frjosa burt. Ein måtte 
ordna seg med sånaden ettersom det fyrste, det andre eller det tredje 
par føter var størst. (Fjærland 
Det flesket dei løyvde feitetysdag, skulde dei stikka upy 
under sperrone i stova, og der skulde det liggja til våronni. Då 
tok dei det ned og smurde våronnereidskapane med det. Då gjekk alt 
Når megjorten (mjødurt/ var utsprotten, var graset falt, 
då kunde dei leggja i veg med slåtten. 
Når dei slutta å slå um kveldane måtte dei bryna 1jåen 
før dei gjekk heim. Jamvel um dei skulde slipa 1jåen seinare på 
kvelden. Det vilde ikkje gå greidt med slåtten utan dei gjorde det 
Ein mann i Fjærland brynte 1jårne sine når han hadde avslege 
og so heldt han dei over røyk. Forteljaren meiner at han gjorde 
det so dei ikkje skulde ta gravrust. 
dan gamle Knut Ese sa når han kasta fyrste neven med korn. 
No sår me i Jesu namn. Gamle Horpedalen brukte å segja: I Jesu namn 
når han tök til å sxå . Ein mann i Fjærland brukte å segja for kvar 
neve han kasta: "Kom att". 
Ungane brukte å plukka upp dei kornaksi som låg att på 
åkeren og binda dei ihop i brusar. Når dei var ferdige med ein bruse 
so gjorde dei ein kross med fingeren framme i dusken. Dersom dei lags