Medieval ballads

Ein ballade er ei episk vise med tolinja strofe eller firelinja strofe. Dei tolinja strofene kan ha mellomkved og/eller etterkved. Dei firelinja strofene har ofte etterkved.  Balladane er stort sett fortalt i tredje person, og handlinga er ofte formidla gjennom formlar. 

Balladane kan ha innhald som knyt seg til mellomalderen. Difor er dei også ofte omtala som mellomalderballadar. På Færøyane er balladen ei dansevise. Ein veit ikkje sikkert om dette også var tilfelle i Noreg. 

Handlinga i balladen er bakgrunnen for typeinndelinga ein finn i The Types of Scandinavian Medieval Ballad (TSB). Det er seks forskjellige undergrupper; naturmytiske balladar (A), legendeballadar (B), historiske balladar (C) riddarballadar (D), troll-og kjempeballadar (E) og skjemteballadar (F)

Results: 1229