Sjangrar

I folkloristikken står sjangrane sentralt. Sjangrar blir ofte definerte ut frå ein kombinasjon av form, innhald og sosial funksjon. Sjangerkompetanse er ofte ein føresetnad for å forstå meininga i eit kulturuttrykk. I folkloristikken er kunnskap om sjangrar ein del av det analytiske apparatet. Samstundes har det folkloristiske sjangersystemet vore ein måte å systematisere og katalogisere det innsamla materialet på. I SAMLA er dette sjangersystemet brukt som éin av fleire vegar inn i materialet. Lista over sjangrar er ikkje uttømmande, men dekkjer dei viktigaste sjangrane i samlingane.