Folktales

Illustrasjon til eventyr

Eventyr er traderte prosaforteljingar som ikkje gjev seg ut for å fortelje om verkelegheita. Eventyra kan variere i lengd, form og innhald. Det finst ei rekke undersjangrar. Desse har ulike kjenneteikn. Dyreeventyra er gjerne korte, med dyr i hovudrolla. Undereventyra er lange forteljingar med overnaturlege skikkelsar og magiske element. Novelleeventyra er ofte utan magiske innslag, medan legendeeventyra har eit religiøst innhald og er gjerne opphavsforteljingar. Eventyret om guten og det dumme trollet er ei underhaldande forteljing om å lure dumme troll. I tillegg finst dei humoristiske skjemte- og lygeeventyra, ramseeventyra og erotiske eventyr. Eventyr er ein global sjanger, og dei same forteljingane finst i ulike variantar i store delar av verda. Av den grunn blir eventyra kategoriserte i ein internasjonal typekatalog. SAMLA bruker ei norsk utgåve av denne typekatalogen.

Results: 688