Typekatalog for eventyr, sagn og balladar

Folkedikting er munnleg overlevert dikting og eksisterer ikkje i noka "riktig" utgåve. Kvar einskild forteljing finst berre som variantar. Ein del variantar er blitt skrivne ned av samlarar og har funne vegen til samla.no. Ein del forteljingar liknar såpass mykje på kvarandre at dei kan seiast å vere av same typen. Det er viktig å hugse at ein type ikkje finst i den røynlege verda. Ein kan seie at ein type er summen av alle variantar av ei forteljing. Ein type er altså ein abstraksjon.

Allereie på 1800-talet var folkloristane klare over at variantar av dei same forteljingane fanst over eit stort område, og arbeidet med å utarbeide ein systematisk katalog over eventyrtypar byrja. Denne katalogen var basert på likskap i forteljinganes struktur og motiv. Seinare vart det utarbeidd katalogar over vandresegner og nordiske mellomalderballadar etter modell frå eventyrkatalogen. I SAMLA bruker vi desse tre typekatalogane: 

  • Balladar: The Types of Scandinavian Ballads (TSB). 
  • Eventyr: Den norske eventyrkatalogen, utarbeidd av Ørnulf Hodne i 1984 etter The Aarne Thompson Index (AT). 
  • Vandresegner: The Migratory Legends (ML), som er ein katalog over norske vandresegner. Den er utarbeidd av Reidar Th. Christiansen, med tillegg av Inger Christiansen. 

Typekatalogene er lagt ut på KulturNav, Typekatalog for SAMLA og ISOF (Universitetet i Bergen)